Cassandra's Dream (2007)

Film / 25. februar 2008
4/5

Med Cassandra's Dream har Woody Allen for tredje gong på rad tydd til London, i denne er også skodespelarensemblet fullstendig britisk. Colin Farrell og Ewan McGregor spelar brødrepar i dette krim/thriller/dramet. Ingen spor av komedie her.

Historia er av typen som involverer pengar, en ulovleg gjerning og skuldkjensle. Det startar med kvardagstilvere og brødreparet si trang til å få meir å rutte med. Terry (Farrell) likar gambling og whiskey og er overraskande heldig på hundeløpsbana. Ian (McGregor) jobbar i restauranten til faren og likar å tenke tanken at han er velståande. Brørne har et tett forhold og støttar kvarandre når det er nødvendig, og så kjem dagen då dei begge tar et dårleg val for å skaffe fleire pengar.

Allen tar ikkje sjansen på å holde pokerfjes her og serverer alt etter kvart, dette gjer at filmen er fri fra dei store overraskingane, men ikkje fri fra spenning, ein del takka vera effektiv musikkbruk, mykje takka vera godt skodespel. Spesielt Farrell går godt inn i rolla si som den usikre broren, og bidrar med mykje av filmens psykologiske kraft. Cassandra's Dream går sin gang med ikkje altfor høgt tempo, det bevisste valet av sjanger og mørk undertone gjer at det skil seg fra typiske Allen-filmar, på ein god måte. Det er kanskje ingen meisterverk, dei høgaste toppane står uberørte, men eg er i grunn ganske fornøgd og fekk akkurat det eg forventa etter to gode filmar frå han siste årene.

Cassandra's Dream 2007 plakat - Filmdagbok

Regi

Woody Allen

Manus

Woody Allen

Skodespelarar

Ewan McGregor, Colin Farrell (I), Peter-Hugo Daly, John Benfield, Clare Higgins, Ashley Madekwe, Andrew Howard, Hayley Atwell, Sally Hawkins, Keith Smee

Sjangrar

Drama, Krim, Thriller

Land

USA, Storbritannia, Frankrike

IMDb

IMDb-side om Cassandra's Dream

Forfattar