Casse-tête chinois

Film · 2013 · · 16. april 2014
3/5

Casse-tête chinois, eller Chinese Puzzle, er tredje kapittel i Spanish Apartment-trilogien til Cédric Klapisch. Dei to førre filmane er L'auberge espagnole frå 2002 og Les poupées russes frå 2005.

Xavier (Romain Duris) har siden førre film fått to barn, men i augneblinken historia i filmen startar er livet hans igjen i ferd med å komplisere seg. Lang historie kort, han endar med å flytte til New York for å kunne vere med barna sine.

Filmen er eit drama med mykje drama, men passe smakfullt, frisk og energifullt til å fungere. I ei uunngåeleg samanlikning med sine forgjengarar er det ikkje fullt så intenst og engasjerande, men på eiga hand er det ein velfungerande og rik film. Rik på New York, rik på komplikasjonar, og med sin del av ei interessante tankane til Xavier om alt som skjer i form av ei forteljarstemme.

Eg har sansen for måten Casse-tête chinois, som Les poupées russes, tar tida som har gått siden førre kapittel til vurdering. Og ut frå dette nyttar sjansen til å lage ein film som vektar heilt nye problem, men tar vare på så mykje i form av historikk at det er lett å komme inn under huda. På denne måten er Spanish Apartment-trilogien komplett og ei opplagt anbefaling. Trass i at siste kapittel er ørlite mindre givande enn dei førre.

IMDb-logo
Casse-tête chinois 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Romain DurisAudrey TautouCécile De FranceVis alle

Sjangrar

Land