Cast Away

Eg har både sett filmar og lese bøker om menn og kvinner som hamnar på ei aude øy, og som er betre enn Cast Away. Men eg er stort sett altoppslukande, spesielt innanfor denne sjangeren. Filmmeldingar som seier at dette skulle vere ein svak film stoppa difor ikkje meg. Eg måtte sjå Cast Away.

I ettertid ser eg grunnen til at Cast Away blir kritisert. Filmen er verken realistisk eller spesielt mykje anna heller. Men det er kvite strender, tropisk klima, venting på å bli redda. Det er ei skildring av ein mann på ei aude øy på sin måte, og dermed er det godt nok for meg.

Cast Away 2000 plakat - Filmdagbok