Casual Sex?

Casual Sex? er ein romantisk komedie med Lea Thompson og Victoria Jackson. Som to sjølvstendige og einslege kvinner reiser dei på ferie i lag. Lea Thompson som Stacy har levd i sølibat i ti månader, frivillig. Victoria Jackson som Melissa har det vanskeleg med å få seg type, punktum.

På feriestaden er det nok menn å velja mellom, og jentene manglar ikkje popularitet, attraktive som dei er. Kan dei finne draumetypen sin? Vegen frå start til slutt i filmen er iallfall humpete.

Casual Sex? går ikkje spesielt djupt som romantisk komedie. Filmen er tidsrett som ein lettare sexkomedie, men er ikkje av den grove sorten. Samtidig prøver han å slå fast at dette handlar like mykje om sjølvstendige kvinner og deira moglegheiter til å ta eigne val.

Det blir ei vaklande formidling av ein film. Romantikken rører lite. Som sexkomedie er det ikkje drygt nok. Og uansett vala kvinnene tek, så handlar det om val knytt til deira forhold til menn.

Eg forventa uansett ikkje noko djup film. Eg forventa heller ikkje nokon god film. Men det spørs korleis du vel å sjå på det. Med god tenker eg at det skjer noko spesielt. Eg forventa då likevel ein grei film. Med grei håpa eg på ei tidsrett 1980-talskjensle med sterke fargar og rett musikk. I tillegg ønska eg klisjear i mengder og rare karakterar. Alt innpakka i ein enkel gang i handlinga. Og det var omtrent dette eg fekk.

Filmen baud ikkje på store overraskingar, men var heller ikkje sett i stein frå byrjinga av. Dette var det friske pustet som heva inntrykket eg sat igjen med. Karakteren er meint å spegle at denne filmen er hakket betre enn grei. Undervegs hadde eg lite å utsetje på Casual Sex? Det er ein artig film, og tida gjekk fort.

Casual Sex? 1988 plakat - Filmdagbok