Catastrophe

Serie · 2015–2019 · · 16. desember 2019
3/5

Catastrophe handlar om ein amerikansk mann som drar på forretningsreise til England. Der møter han ei britisk dame som han har sex med, og som blir gravid. Deretter flyttar han til England for å gi familielivet ein sjanse.

Komedien er ein britisk sak som foreløpig har fått fire sesongar. Kvar sesong består av seks episodar. Det er på vanleg britisk vis med andre ord. Det passar Catastrophe godt, som er artig, men som avgrensar seg over tid med dei same typar vitsane sine.

I fjerde sesong mista eg litt interessa, samanlikna med tidlegare. Serien har hatt ei viss form for retning eller utvikling tidlegare. I fjerde sesong stod det meir i ro. Serien har i blant vore alvorleg, noko som har vore ein fin kontrast mot dei grove vitsane, men eg får inntrykk av at det har blitt for mykje alvor etter kvart. Kanskje det er meininga å la karakterane vekse i den retninga?

Catastrophe kunne ha vore ei anbefaling ein gong, fordi han var eit fint avbrekk og ein kort serie. Når sesongane byrjar å bli mange, så kan eg ikkje anbefale han utan å legge inn forbehold. Som om du likar Sharon Horgan eller Rob Delaney.

IMDb-logo
TV Time-logo
  • Catastrophe 2015-2019 plakat - Filmdagbok
  • Catastrophe 2015-2019 plakat - Filmdagbok
  • Catastrophe 2015-2019 plakat - Filmdagbok
  • Catastrophe 2015-2019 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Sharon HorganRob Delaney (II)Mark BonnarVis alle

    Sjanger