Catch Me If You Can

Film · 2002 · · 18. september 2007
4/5

Leonardo DiCaprio spelar Frank Abagnale, barnet som rømte heime i frå og blei til ein svindlar. Frank har suksess med å etterlikne ein pilot og ein doktor. Me oppdagar at han også har andre overraskingar på lur. Medan han held på med dette, brukar Frank over to millionar amerikanske dollar med falske sjekkar.

Me Catch Me If You Can så styrer Steven Spielberg unna science fiction-filmane sine som Artificial Intelligence: AI og Minority Report, og går tilbake til det grunnleggande. Med det meiner eg at han lagar ein enkel film utan store heltar eller spesialeffektar, som folk framleis kan la seg underhalde av.

Alle skodespelarane imponerer her. Leonardo DiCaprio brukar sjarmen og vitet sitt i førestillinga som den svindlande Frank. Tom Hanks er artig som den nerdete og oppslukande FBI-agenten. Christopher Walken spelar det beste han har gjort på fleire år, i ei lita, men viktig rolle som faren til Frank.

Sjølv om filmen utviklar seg sakte i sin siste tredjedel, så er han framleis vetug og underhaldande. Ein real fangst.

Catch Me If You Can 2002 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Leonardo DiCaprioTom HanksChristopher WalkenVis alle

Sjangrar

Land