Cave

Cave er ein norsk film utan norsk tittel. Det er ein thriller og nesten ein grøssar, som handlar om tre personar som skal ta seg gjennom eit grottesystem.

Det gode med Cave er at han er god på atmosfære. Du veit ikkje når eller kva som vil skje. Det er ei spenning knytt til dette. Filmen er stort sett god på spenning heile vegen. Du har tre sentrale karakterar. To menn og ei dame. Ein av mennene og dama er eit par. Medan den andre mannen og dama har historie. Og desse trur at det er lurt å kravle gjennom trange grotter i lag.

Det er mykje mørke og til dels klaustrofobiske scener. Det er vanskeleg å sjå kva som skjer, og filmen spelar godt på å halde nivået av mystikken høg.

Med ei speletid på under ein og ein halv time er det ein kort film. Eg har vanskeleg med å finne fleire skildringar som kan vise styrkane til filmen, utan å avsløre handling. Det same med svakheiter. For her er det i hovudsak retninga filmen tek, som eg ikkje tykkjer er den beste. Meir enn det får eg avstå frå å sei.

Cave 2016 plakat - Filmdagbok