Centurion (2010)

Film / 12. september 2010
3/5

Regissør Neil Marhsall har skifta beite fra framtid i Doomsday og nåtid i The Descent til fortid og romartid i Centurion. Midtpunktet for handlinga er den mystiske forsvinninga til den niende legionen.

Med kjennskap til dei tidlegare filmane til Marshall, og Doomsday fersk i minnet, forventa eg rå og blodig action. Og utan å gå rundt grauten, så kan det slåast fast at desse forventningane innfrir.

Bygd opp rundt kampar mellom romarar og det britiske folkeslaget piktarane, og med ei følgjande flukt, er dette en dyster historie som ikkje kaster bort tida på altfor mange romantiske pausar. Er en ute etter korrekt historieforteljing kan en lett gå vidare, Centurion si målgruppe er først og fremst den som ser fram til kreative drap og nedslaktingar, litervis med mørkt blod og få pustepausar. Samtidig er den raude tråden god nok til at heilskapen ikkje berre er en haug med dyre effektar.

Dette fenga iallfall meg.

Centurion 2010 plakat - Filmdagbok

Regi

Neil Marshall

Manus

Neil Marshall

Skodespelarar

Michael Fassbender, Andreas Wisniewski, Dave Legeno, Axelle Carolyn, Dominic West, Dhaffer L'Abidine, JJ Feild, Lee Ross, David Morrissey, Simon Chadwick

Sjangrar

Action, Drama, Eventyr, Historie, Thriller

Land

Storbritannia, Frankrike

IMDb

IMDb-side om Centurion

Forfattar