Chalet Girl

Chalet Girl er historia om ein tidlegare rullebrettmeister som opplev at mora dør ein tragisk død, og endar opp med å leve eit anonymt liv. For å tene pengar får ho jobb i eit eksklusivt tenesteselskap, som sender ho til Østerrike.

Filmen er lett og ledig og morosam. Det er ikkje nokon tunge dramatiske scener. Det me får er i hovudsak ei kjærleikshistorie om ei normal jente som blir forelska i ein rik mann.

Felicity Jones gjer ein grei jobb som gutejenta som blir forelska i den britiske Ed Westwick. Ed Westwick som har spelt Chuck Bass i Gossip Girl var imponerande. Han spelar ein heilt anna karakter enn det Chuck Bass med sin aggressive amerikanske tone er.

Tamsin Egerton, Georgia King og Ken Duken byr på nokre morosame stunder i filmen. Brooke Shields, Sophia Bush, Nicholas Braun og Bill Nighy er gode i deira respektive roller.

Alt i alt er det ein underhaldande britisk film for fan av sportfilmar og romantiske filmar.

Chalet Girl 2011 plakat - Filmdagbok