Chariots of Fire (1981)

Film / 4. juli 2015
3/5

Chariots of Fire handlar om løping, OL, og har en opningsmelodi som er mykje brukt i ettertiden.

Eg blei aldri bergtatt av verken dramatikken eller historia i denne filmen, og synst på sitt beste at filmen fortel greit om vegen framover mot ein konkurranse for to løparar. Dei to sentrale karakterane har tilsynelatande to ulike grunnlag for motivasjon, men lar seg nok også motivere av konkurransen frå den andre.

Det er mangelen på reell motstand undervegs som gjer at dette stort sett blir en plankekøyring av ein film, og det som skal vere høgdepunktet i filmen er nesten over før det har begynt.

Kritikk til sides, så har filmen sine gode sider også. Som interessante karakterar med et helt annet syn på helse enn eg antar dagens utøvarar har. Varierte treningsmiljø og originale treningsstunder.

Totalt sett er filmen på vippen, men eg er stort sett positivt innstilt til filmar, og eg likar filmar, så eg lar dette komme til gode. For har filmen positive sider, så er det aldri bortkasta tid.

Chariots of Fire 1981 plakat - Filmdagbok

Regi

Hugh Hudson

Manus

Colin Welland

Skodespelarar

Nicholas Farrell, Nigel Havers, Ian Charleson, Ben Cross, Daniel Gerroll (I), Ian Holm, John Gielgud, Lindsay Anderson, Nigel Davenport, Cheryl Campbell

Sjangrar

Drama, Historie, Sport

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Chariots of Fire

Forfattar