Charlie Bartlett (2007)

Film / 14. august 2008
5/5

Smarte og rare Byrd Huffstodt frå Huff, Anton Yelchin som han eigentleg heiter, har tatt det verkelege spranget frå tv til å lande hovudrolla i Charlie Bartlett på kino. Dei som har sett Huff kjenner han som den intelligente, men framleis barnelege sonen til psykologkarakteren til Hank Azaria frå serien som velta over av kjente og briljante skodespelarar.

I Charlie Bartlett har Anton Yelchin teke på seg ei litt meir humoristisk prega rolle, men spelar framleis på å vere ei blanding av smart og framleis ungdom.

Etter å ha blitt kasta ut frå sin n-te privatskule er den einaste valmoglegheita til Charlie offentleg vidaregåande skule. For å få elevane til å like han startar han personleg rådgiving på toalettet og sel medikament til trengande, der definisjonen av trengande kan vere litt diffus. Etter kvar som populariteten stig får rektor auga opp for Charlie som ei urokråke og går hardt inn for å øydelegga skuledagen hans og dei som set han høgt.

Grunnane til at Charlie Bartlett er ein knakande god film er fleire, Anton Yelchin er perfekt i rolla som Charlie Bartlett, guten med glimtet i eine auge og ei seriøs mine i andre. Kombinasjonen Anton Yelchin og Hope Davis som spelar mora gir ein dødeleg god start som får den neste halvtimen til å verke morosam på alle moglege småting. Utover det kjem stadig fleire sider til overflata og bidrar ved siden av god humor å holde dette på et høgt nivå. Klimpre- og songstunder ved pianoet det store godset til familien Bartlett (orda til fru Bartlett) fargar filmen ein gong i blant utover og er gull verdt kva kjem til den brå stilen til Anton Yelchin som skodespelar, og kan vere like brå som mange av dei alvorlege poenga til filmen.

Der Ferris Bueller's Day Off tar deler av årsakene til populariteten til Ferris for gitt, går Charlie Bartlett innpå korleis Charlie som person skal kunne få folk til å like han og korleis han lykkast. Filmen har meir alvorlege sider som gir djupne utan å stela alt fokus, og den har ei enkel og effektiv kjærleikshistorie som heller ikkje trakkar i salaten på nokon som helst måte.

Både i tonesetting, behandling av karakterar – alle spilt på upåklageleg vis, oppbygging innan den personleg føretrekte lengda i komediesjangeren på 90 minuttar, filmmusikk og type humor så fengar Charlie Bartlett så bra at eg umiddelbart fekk lyst til å sjå han igjen og ikkje kan anna enn å anbefale han vidare. Dette nokon dagar etter så eg utan å måtte tenke meg om lengre kan stå for mine ord.

Charlie Bartlett 2007 plakat - Filmdagbok

Regi

Jon Poll

Manus

Gustin Nash

Skodespelarar

Anton Yelchin, Robert Downey Jr., Hope Davis (I), Kat Dennings, Tyler Hilton, Mark Rendall, Dylan Taylor (II), Megan Park, Jake Epstein, Jonathan Malen

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Charlie Bartlett

Forfattar