Charlie St. Cloud

Charlie (Zac Efron) mistar bror sin i ei ulykke. I ettertid både ser og snakkar han med broren, som den einaste som gjer det. Han oppfyller avtalen dei to hadde om å trene baseball kvar kveld. Sånn blir Charlie verande på heimstaden, i staden for å ta ei utdanning.

Nokon få år går, og Tess (Amanda Crew) kjem tilbake til heimstaden. Ho er blitt profesjonell seglar, og ettersom segling var ei av dei store interessene til Charlie, og talentet hans før broren døydde, oppstår det ei tiltrekking og nysgjerrigheit for Tess. Dette blir problematisk for Charlie i hans forsøk på å holde avtalen med sin avlidne bror.

Charlie St. Cloud er ein trist film med fleire tragediar, men også med lyspunkt som gjer filmen haldbar, for oss som likar lykkelege filmar. Altså ikkje ein overhengande trist film, men heller ein lett og fin film med triste sider som betyr mykje for historia.

Deler av filmen er smått irriterande, og premissen er litt tåpeleg, men det fungerer greit likevel. Stemninga i filmen er fin og utvalet av skodespelarar er lett å like. Det skjer ein del, og det er ein god flyt.

Charlie St. Cloud 2010 plakat - Filmdagbok