Charro!

Film / 1969
3/5

I mars 2014 byrja eg å sjå Elvis Presley-filmar. Tanken var å sjå alle, men etter 15 filmar hadde eg fått nok. Mange av filmane eg såg var gode, men etter kvart blei det einsformig å halde fram. Sidan den gong har eg tenkt at eg kunne sjå ein og annan film etter kvart som anledninga baud seg.

Nyleg kom eg over Charro! Det er ein western der Elvis Presley spelar ein tidlegare bandemedlem, som drar inn til ein by for å møte ein gammal kjenning. Brevet han har mottatt er berre lureri, og er sendt av den tidlegare banden hans. Dei skal lokke han til område for å legge skulda for eit ran på han.

Det er ei enkel historie som fungerer heilt greitt. Detaljane er ikkje perfeksjonert i denne filmen, og det er nokre deler av filmen som gjer at eg ikkje lev meg inn i handlinga. Elvis Presley spelar heilt greitt, men ikkje betre. Karakteren hans er ukomplisert og ikkje så interessant. Det blir ved å observere han, framfor å bli involvert i det som skjer med han.

Det som i større grad gjorde at eg blei dratt ut av flyten til filmen var den galne broren til bandeleiaren. Han skreik og lo i nesten kvar scene, men mangla noko i ansiktsuttrykket til å gjere det truverdig. Dermed blei han berre eit irritasjonsmoment.

Eg rangerer Charro! til midt på treet, og kanskje litt under. Det er verken den beste westernfilmen eller den beste Elvis Presley-filmen. Og heller ikkje den beste westernfilmen med Elvis Presley.

Charro! 1969 plakat - Filmdagbok