Chef (2014)

Film / 22. september 2014
4/5

Mat på film er sjeldan feil, og Chef er ingen unntak.

Jon Favreau spelar hovudrolla i ein film han også har skrive manus til og regissert. Det handlar om en dyktig kokk som får nok av restaurantyrket og bestemmer seg for å kjøpe ein bil og starte sitt eige kjøkken frå den. Der han skal bruke tida sin på enklare mat.

Det handlar også om å reparere forholdet til familien sin. Kokken har levd et travelt liv, og har ikkje prioritert verken kona si eller sonen sin.

Chef er ein film som gir skikkeleg god kjensle, som inspirerer både i form av kokkens gründertiltak og med nydelege bilde av tilsynelatande herleg mat. Dette er ein typisk film som gir deg lyst til å lage mat.

Utover den forenkla formidlinga av filmens historie og inspirasjon har eg ikkje lyst til å sei for mykje om Chef. Dette er en soleklar anbefaling, og blant dei få grunnane til å ikkje å like dette kan eg berre komme opp med det at du ikkje likar mat eller lykkelege historier.

Chef 2014 plakat - Filmdagbok

Regi

Jon Favreau

Manus

Jon Favreau

Skodespelarar

Jon Favreau, John Leguizamo, Bobby Cannavale, Emjay Anthony, Scarlett Johansson, Dustin Hoffman, Sofía Vergara, Oliver Platt, Amy Sedaris, Robert Downey Jr.

Sjangrar

Drama, Eventyr, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Chef

Forfattar