Chernobyl (2019–2019)

Serie / 10. juni 2019
3/5

HBO-serien Chernobyl er eit gripande drama på fem episodar, som skildrar hendingane knytt til nedsmeltinga av kjernekraftverket i Pripyat i Ukraina.

Sett frå ulike perspektiv, får me oppleve timane rundt eksplosjonen tett på både kraftverket og folk som blir innblanda. Frå tilsette på kraftverket, til brannmenn som skulle slokke brannen, politikarane som dyssa ned hendingane, naboane som måtte flytte og fleire andre.

Serien klarar kunsten med å vise alt eg har lyst å sjå, i tillegg til å halde på ei spenning. Trass i at eg veit kva som har blitt til med kraftverket og område rundt i ettertid av hendinga, har serien nerve. Eg trur mykje av det skuldast at fienden ikkje kan bli sett, og at årsaka til eksplosjonen ikkje blir avslørt for tidleg. Det er berre å trekke parallellar til spenningsfilmar som spelar på frykta for det usette og ukjente. Og til filmar som har ein skurk me ikkje klarar å knekke koden på, om kvifor han er blitt ein skurk. Filmar og seriar som viser eller fortel for mykje om sitt spenningselement, må trå varsamt for å ikkje mislykkast.

Ein annan spenningsfaktor med Chernobyl er korleis kampen mot klokka blir framstilt. Handlinga i episodane går ei god stund akkurat litt for seint. Og mange av dei skildra personane får gjort akkurat litt for lite. Konsekvensane av å ikkje finne ei løysing i tide er katastrofale, og dette gir serien ei nødvendig nerve.

Eg har mykje skryt å gi serien, men det er ikkje alt som klaffar for at eg skal få ei topp oppleving. Eg freistar å seie at serien verkar for perfekt, men det blir ei motseeing. Det eg trur at det handlar om, er at serien er føreseieleg på alle område i produksjonen. Og at når det ikkje skjer noko uventa i måten serien er bygd opp på, korleis karakterane oppfører seg, eller kva som er gjort med kamerabruk eller musikk, så blir det litt kjedeleg innimellom. Chernobyl er på mange måtar akkurat som eg kunne førestille meg, og eg vil gjerne bli overraska. Difor får ikkje serien meir enn ei gjennomsnittleg god rangering av meg.

Chernobyl 2019-2019 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skapar

Craig Mazin

Skodespelarar

Jared Harris, Jessie Buckley, Stellan Skarsgård, Emily Watson, Adam Nagaitis, Paul Ritter, Sam Troughton, Robert Emms, Karl Davies, Michael Socha

Sjangrar

Drama, Historie

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Chernobyl

Forfattar