Cherry (2010)

Film / 6. juli 2015
3/5

I Cherry blir me med Aaron (Kyle Gallner) i det han byrjar på college. Aaron er skuleflink og elles smart, og har blitt geleida inn på tekniske fag av sine foreldre, mens han eigentleg likar best å teikne.

På college møter han nok av utfordringar. Han er jomfru, romkameraten er en forstyrrande pøbel, og han mister etter kvart merksemda til å gjennomføre dei tekniske faga. Redninga kjem i form av den godt vaksne medstudenten Linda (Laura Allen), og etter kvart hennes dotter Beth (Britt Robertson), som blir nesten som ein familie for Aaron, sjølv om interessene for Linda er andre enn det.

Ting utviklar seg, og ikkje berre i positiv retning.

Cherry er en godt gjennomført liten sak, som emnar til å skape ein interessant karakter ut av Aaron. I fare for å plassere filmen, så er det litt av The Graduate og litt av Lolita, men meir innanfor grensene. På andre områder balanserer Cherry på kanten, og tar episodane langt nok til å skape gode augneblinkar som løftar filmen til god.

Cherry 2010 plakat - Filmdagbok

Regi

Jeffrey Fine

Manus

Jeffrey Fine

Skodespelarar

Kyle Gallner, Laura Allen, Britt Robertson, Matt Walsh (I), Esai Morales, D.C. Pierson, Zosia Mamet, Stephanie Venditto, Kirk Anderson, Daniel Louis Rivas

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Cherry

Forfattar