Chicken Little (2005)

Film / 26. januar 2007
2/5

Chicken Little blei første film ut, mest fordi eg var småskeptisk til i kva grad den faktisk kunne underhalda godt nok. Disney sin første eigne animasjonsproduksjon er ei historie basert på en eldre forteljing om en kylling som trur himmelen dett i hovudet på han. I filmen skaper han panikk i byen ved å ringe alarmklokkene, men blir fort hengt ut da det einaste logiske kan vere at det var en nøtt som traff han.

Eit år seinare skjer det same igjen, og det som kunne ha vore en koseleg historie blir gjort om til en invasjon av romvesen. Chicken Little er ikkje noe nytt, og klarer seg mest på grunn av nokon artige referanser her og der, et dansenummer med Wannabe av Spice Girls og kule romvesen. Men siden dette er Disney så ligg det jo en moral i filmen, som i historia, og oppbygginga til denne er gjennomsyra i heile filmen på en ukjekk måte for et vakse publikum. Det blir en middels filmoppleving alt i alt.

Chicken Little 2005 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Disney

Regi

Mark Dindal

Manus

Mark Dindal, Mark Kennedy, Steve Bencich, Ron J. Friedman, Ron Anderson, Robert L. Baird, Daniel Gerson, Sara Parriott, Josann McGibbon, David Reynolds, Sandra Tsing Loh

Skodespelarar

Zach Braff, Garry Marshall, Don Knotts, Patrick Stewart, Amy Sedaris, Steve Zahn, Joan Cusack, Wallace Shawn, Harry Shearer, Fred Willard

Sjangrar

Animasjon, Eventyr, Familie, Komedie, Science fiction

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Chicken Little

Forfattar