Chicken Run

Så var det duka for eit gjensyn med Chicken Run, punktfotograferingsfilmen til Aardman Animations som kom før The Curse of the Were-Rabbit.

Her er det snakk om ein gjeng med høner som prøver å rømme frå hønsegarden sin. Filmen er lagt opp som om me er i eit krigsfengsel, der rugekassane er i noko som liknar svært mykje på militærbunkersar. På den andre sida av dei rømmingslystne hønene har me mannen og dama som driv garden og er på jakt etter ein måte å tene meir pengar på hønene. Når dei finn eit alternativ så blir rømminga eit kappløp mot tida.

Aardman Animations har alltid ein særeigen stil på det dei lagar, og dette er heller ingen unntak. Det er nydeleg å sjå på, men det blir dessverre for lite humor og for mykje velkjent drama. Eg saknar dei store drivkreftene her, og ender opp med å kjede meg litt. Eg kan hugse at førre gang var betre, noko som kanskje har med at eg var yngre og ikkje hadde dei same krava som etter å ha sett dei to siste storproduksjonane til selskapet.

Chicken Run 2000 plakat - Filmdagbok