Chickens

Tre menn er dei einaste unge mennene i ei engelsk bygd som ikkje har dratt i krigen. Såleis blir dei utstøytt av kvinnene som feigingar og det som verre er. I løpet ein kort sesong følger me desse i tullete hendingar.

Chickens er ikkje det heilt store. Men på grunn av det er ein kort serie med korte episodar er det heilt greitt å sjå seg gjennom. Enkelte innslag er artige og absurde, sjølv om mesteparten på sitt beste er greitt.

Min kjennskap til skodespelarane Simon Bird og Joe Thomas gjennom seriar som The Inbetweeners og Fresh Meat tilfører litt humor gjennom assosiasjon, men ligg eit stykke lengre nede på lista i samanlikning.

Chickens 2013 plakat - Filmdagbok