Children of Men (2006)

Film / 6. januar 2007
5/5

Året er 2027, og menneskeheiten har stoppa å produsere barn. Årsaken er ikkje kjent, men det er 18 år sidan førre barn blei fødd. Så dukker håper opp i form av den gravide flyktningen Kee (Clare-Hope Ashitey). Hovudrolleinnehavar Clive Owen, her kjent som Theo, blir reisefølge og vernar overfor den gravide.

Det er en brutal framtid som blir skildra, der det reine engelske samfunnet blir dyrka, og alle innvandrarar blir drive vekk igjen av massive politistyrkar. For dei som har spilt Half Life er den same stemningen å finne her, der er et skitent og forfallande bybilde som møter oss med ein gong vi rører oss utanfor den reine delen av London. Servert til oss på ein måte som gjer et sterkt inntrykk.

Eg kan med handa på hjarte sei at dette var ein film som gjekk inn over meg, ikkje berre er den gravide kvinna et av dei viktigaste objekta for å redde verda eg har sett på film, i og med at ho er levande og kanskje svaret på framtidig liv. Children of Men klarer å holde spenningskurva oppe heile vegen utan å bli slitsom, den overrasker stadig vekk. Og bruker ikkje minst filmmusikk på en sterk måte – nokon vil nok finne det litt overdrive, men det er jo sjølvsagt tull.

Children of Men 2006 plakat - Filmdagbok

Regi

Alfonso Cuarón

Manus

Alfonso Cuarón, Timothy J. Sexton, David Arata, Mark Fergus, Hawk Ostby, P.D. James

Skodespelarar

Clive Owen, Juan Gabriel Yacuzzi, Michael Caine, Mishal Husain, Rob Curling, Chiwetel Ejiofor, Jon Chevalier, Julianne Moore, Rita Davies, Charlie Hunnam

Sjangrar

Drama, Eventyr, Science fiction, Thriller

Land

USA, Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Children of Men

Forfattar