Children of the Corn II: The Final Sacrifice

Det er ikkje til å putte under ein stol at den andre filmen i Children of the Corn-franchisen er elendig. Filmar som er basert på ei novelle av Stephen King, men som for ordens skyld han har uttala at han mislikar sterkt.

I ei bok han har gitt ut med filmmeldingar over filmatiseringar av bøkene hans, samanlikna han desse filmane med døtrer som han har sendt av garde til college, og som må stå på eigne bein. Men som endar opp med å bli valdtekne alle saman.

Det er ikkje mykje å sei på historia i Children of the Corn II: The Final Sacrifice. Denne gongen er det far og son som kjem til ein mindre stad der nokon drap har skjedd. Som sjåar veit me betre, og det er inga overrasking at det står fleire barn i lag bak, og at det blir verre.

Eg reagerte også på kor billeg denne filmen verka, og mislikte eigentleg denne frå første minutt. Men mi interesse for å gi filmserien ein sjanse gjorde til at eg så han helt ferdig. Noko som ikkje var verdt tida.

Children of the Corn II: The Final Sacrifice 1992 plakat - Filmdagbok