Children of the Corn

Ein filmserie som har fått sin del av oppfølgjarar er Children of the Corn basert på ei novelle Stephen King. I denne første filmen møter me for første gang gjengen med ungar som er ute etter å drepe dei vaksne.

Me følger eit par nykomlingar i ein småby som har ei overhengande uggen stemning ved seg. I byen er dei ein haug religiøse barn som trur at alle over 18 må drepast, og dei set i gang med dette.

Det beste Children of the Corn har ved seg er stemninga. Og barna som er med er passe ubehagelege. Utføringa til filmen er nok heller for enkel, og etter kvart som ting tar av, mistar eg interessa. Då er den stemningsfulle oppbygginga vekke, og overlate til sjåaren er ei utfolding av litt tullete drap og irriterande jakt på dei vaksne.

Children of the Corn 1984 plakat - Filmdagbok