Chisum

John Simpson Chisum var ein rik herremann innan kvegdrift på andre halvdel av 1800-talet. Denne relativt frie tolkinga sett til eit av hans seinare leveår, 1878, kaster lys på kjennskap til legender som Pat Garrett og Billy the Kid, utan å gå forbi verken Pat Garrett & Billy the Kid eller Young Guns II når det kjem til kalde fakta – det er vel ingen av filmane si sterke side.

I Chisum er det den sleipe forretningsmannen Mr. Murphy som er årsaka til oppstyr. Murphy er av kjent kaliber, på veg til rikdom og makt er det ingenting som kan stoppe han, vel, ingen utanom John Wayne som Chisum. Chisum har i si tid vore oppi nok av bråk, alderen har likevel forma han til det betre og i sitt 54. leveår er han ein rettferdig mann som står på folket si side mot Murphy sitt opptog i småbyen Lincoln, som rettferdig og ikkje minst rettskaffen skal det meir til enn misliking av Murphy for å snu dagleglivet på hovudet. Ein konfrontasjon er vel alltids uunngåeleg?

John Wayne gjer ikkje si sterkaste rolle som Chisum, da personlegdommen til kvegdrivaren krev litt ekstra i enkelte sekvensar enn det John Wayne ser ut til å kunne by på. Ikkje for å sei at han på nokon måte er dårleg, men i lys av at eg stort sett har sett Rio Bravo og The Searchers hamnar dette eit hakk under. Som et meir actionprega western er det elles ein god film, Technicolor og stødig kameraføring er med på å trekke opp inntrykket av ein solid produksjon. For ein uerfaren innan western som meg sjølv er det likevel artig at spennande namn, eigne tolkingar av tidlegare legender, dukkar opp og bidrar til eit fargerikt persongalleri.

Forutan Chisum som hyggeleg mellombels følgjevenn er kommentarane mine få.

Chisum 1970 plakat - Filmdagbok