Chobits

Serie
2002–2003
3/5

Det er rundt fire til fem år sidan eg såg animeserien Chobits. Det var ein av dei første animeseriane eg kjøpte. På den tida tok eg sjansen, utan å ha sett noko av serien på førehand. Totalt sett kunne gjerne animeseriar koste opp i kr 1000 til 2000.

I ettertid ser eg at dette var ein sprø pris.

Chobits handlar om ein gut som finn ein robot. Då han er i ferd med å fikse opp roboten oppdagar han at dette kanskje er ein av få robotar som har fri vilje, som det har versert legender om.

Og ettersom dette er japansk og litt sprøtt, så blir han så forelska i roboten sin. Ein robot som er veldig søt.

Dette er ein sukkersøt serie som dessverre fort blir kjedeleg, litt til irritasjon då eg brukte så altfor mykje pengar på han.

Chobits 2002-2003 plakat - Filmdagbok