Chocolat

Ein varm og stemningsfull komedie, drama og romanse. Denne inneheld det som skal til for å le, tenke og ville sjå filmen heilt til siste slutt. Ein film eg definitivt kjem til å sjå igjen, og sterkt anbefalar andre å sjå.

Johnny Depp og Carrie-Anne Moss, blant anna, gir sterke biroller. Tolkinga til Alfred Molina av Comte De Reynaud er ei perfekt blanding av humoristisk framståande borgarmeister mot freistingar, og den seriøse. Han er ei viktig brikke i framgangen til filmen og eit fargerikt innslag.

Vianne Rocher, eigaren av sjokoladebutikken, prøver å framstå som ei varm og huskjær dame, men inst inne har ho trong til å reise vidare. Dette fordi ho trur at det er det som skal til for at ho kan leve lykkeleg.

Chocolat 2000 plakat - Filmdagbok