Chocolate

Historia fungerer dårleg her, slåstinga på si side er festlege saker og gjer dette til god underhaldning. Samanlikna med Ong-Bak og Tom yum goong av Prachya Pinkaew er det derimot labert, sjølv om historiene der heller ikkje var all verda.

Eg har vanskeleg for å anbefale denne, hadde det ikkje vore for Prachya Pinkaew hadde eg nok glatt latt filmen gå forbi i stille, men igjen er det slåstinga då, som gjer at eg flyttar denne litt opp frå å bli vurdert til midt på treet.

Chocolate 2008 plakat - Filmdagbok