Chonmage purin (2010)

Film / 31. august 2012
4/5

Også kjent som A Boy and His Samurai.

I søken etter noko utanom det vanlege fann eg Chonmage purin, ein film om ein samurai som reiser i tid, frå Edo-perioden til dagens Tokyo.

Samurainen, langt utanfor komfortsona si, endar opp med å flytte inn hjå ei einsleg mor og sonen hennar. Der tek han på seg husarbeidet og lærer seg fort å bake, eit felt han snart blir ekspert på.

Det høyres ut som eit morosamt utgangspunkt for vidare god film, og det er det. Men Chonmage purins komedie er meir nedtona. Han er alltid der, men filmens meir direkte språk er det av det dramatiske.

Det som er viktigare enn kva type film det er, er at Chonmage purin fungerer frå start til slutt. Sjølv om utgangspunktet er enkelt, ein samurai si tidsreise til moderne tid, fortel Chonmage purin oss så mykje meir.

Chonmage purin 2010 plakat - Filmdagbok

Regi

Yoshihiro Nakamura

Manus

Yoshihiro Nakamura, Gen Araki

Skodespelarar

Ryô Nishikido, Fuku Suzuki, Rie Tomosaka, Keisuke Horibe, Jun Inoue, Hiroki Konno, Shiori Kutsuna, Yûji Nakamura, Hitomi Satô

Sjanger

Komedie

Land

Japan

IMDb

IMDb-side om Chonmage purin

Forfattar