Christine

Jau, jau. Christine er nok langt i frå det beste John Carpenter har laga. Men han er ikkje heilt blåst for positive sider. For å ta det som gjer at Christine går an å sjå først. Han har god musikk, då først og fremst John Carpenter sin eigen filmmusikk. Med den slags som grunnlag kan det meste bli spennande.

Christine er litt spennande, men først og fremst veldig frustrerande. Det handlar om jyplingen Arnie som får pes både på skulen og heime. Så skaffar han seg ein gammal bil som han pussar opp igjen. Bilen heter Christine og har ei valdeleg fortid, fleire har døydd i seta på grufullt vis. Her er det tydeleg snakk om noko overnaturleg. Ikkje så overraskande når filmen er basert på Stephen King-skribleri.

Heile greia med at Christine blir truande er ganske så på trynet. Hadde dei bytta det ut med ein robot og gjort science fiction ut av dette hadde det kunne blitt ein glimrande film, viss dei hadde fått skodespelarar med talent med. Ikkje at det er fullstendig mangel på det, Harry Dean Stanton har talent, men fekk ikkje gjere så mykje ut av seg.

Så det som først og fremst er Christine sitt punkterte dekk er at grunnlaget for filmen, ein bil med mystiske krefter, er teit. At grunnlaget er blåst er jo ganske dramatisk. Og at menneska i konfrontasjon med bilen blir forvandla til idiotar. High school-dramaet er ei stund helt ok å følge med på. Pluss ei uforklarleg kraft i filmen som gjer at eg berre måtte få med meg slutten.

Christine 1983 plakat - Filmdagbok