Christmas at Cartwright's

Christmas at Cartwright's er den tredje julefilmen eg ser i år kor Alicia Witt spelar hovudrolla. Etter å ha gjort reint bord i I'm Not Ready for Christmas og ein god figur i A Very Merry Mix-Up, var det ikkje vanskeleg å setja seg ned med denne Hallmark-filmen.

Alicia Witt spelar åleinemora Nicky, som lev litt frå hand til munn saman med dottera si. Då ho får jobben som julenisse på eit av kjøpesentra i byen, er lukka i ferd med å snu. Men det er ingen der ho jobbar som veit at det er ho, ei kvinne, som er på innsida av julenissedrakta.

Dette er ein helt kurant film, som vert løfta noko av evna til Alicia Witt til å gjera mykje ut av enkle roller i enkle filmar. Det er til tider rørande. Nokre andre gonger er det litt snodig. Filmen har innslag av magi, i form av ei englerolle som vert spelt av Wallace Shawn. Wallace Shawn har eit imponerande rulleblad, frå forskjellige seriar til filmar av Woody Allen. Og i Hallmark-filmar tek eg kva eg kan få av kjente ansikt.

Forutan ein del fram og tilbake med julenissejobben, dottera som slit med å lesa, og ei mogleg romantisk sak med ein fyr på jobben, er ikkje Christmas at Cartwright's den meste innhaldsrike filmen. Eg vil seia at han er mest fornøyeleg på grunn av Alicia Witt, og at det magiske aspektet trekk noko ned. Elles er han som sagt heilt kurant.

Christmas at Cartwright's 2014 plakat - Filmdagbok