Christmas Cookies

Film / 2016
3/5

Christmas Cookies er eit romantisk drama som kom ut i 2016. Filmen er regissert av James Head.

Dette er ein av mange julefilmar i år, forventingane mine er dermed justert deretter. Dei aller nyaste av filmane eg har sett hittil i denne samanhengen, har stort sett levert greitt, og ikkje så mykje meir ein det.

Filmen handlar om ei suksessrik kvinne som jobbar for eit større selskap. Dei lagar småkaker, og har no ein plan om å kjøpa opp eit lite, men populært selskap som lagar gode kaker. I det høvet dreg kvinna til ein småby for å gjera unna dei siste detaljane. Men vel framme, møter ho ein sjef som likevel ikkje vil selja.

Dette er ein Hallmark-film, og produksjonen er deretter. Det tyder at noko er bra, medan anna er det tydelegvis spara inn på. Som snø. Produksjonen er ganske straumlinjeforma, der det er gjort trygge val over heile linja. Dette merkar eg i større og større grad etter å sett fleire Hallmark-filmar frå dei siste åra.

I kor stor grad ein regissør faktisk står bak ei form for visjon som styrer kva denne filmen vert, er eg usikker på. Det er ikkje mykje særpreg her. James Head har mykje tv-arbeid på rullebladet, og kan i det minste vert sagt å ha fått ut noko av skodespelarane.

Jill Wagner spelar hovudrolla, og gjer ein god jobb. Den tidlegare kjennskapen min til ho er liten, og primært gjennom Autumn Dreams. Ho spelar mot Wes Brown, eit for meg relativt ukjent fjes, sjølv om han har spelt i True Blood. Dei har ein viss kjemi på skjermen. Det vert spelt ein del på at karakteren hennar er seriøs, og han er litt leikande. Det skapar ein viss levande dynamikk, som er å føretrekka framfor andre friksjonslause samspel.

Når alt kjem til alt er dette ein ukomplisert film. Han har ein trygg struktur. Han står seg verken fram som visuelt fantastisk, men er pen nok å sjå på, og lyden er av forventa akseptabelt nivå. Tonen til filmen er lett og ledig, lys og fargesterk. Det er rett og slett ein slags gladfilm.

Eg vil verken rå til å sjå eller forkasta Christmas Cookies. Det er ein film du sannsynlegvis veit noko om, eller har forventningar til, før du ser han. Og som dermed svarar til det du får. Sånn var det iallfall med meg.

Christmas Cookies 2016 plakat - Filmdagbok