Christmas List (2016)

Film / 17. desember 2016
3/5

Christmas List er ein romantisk komedie som kom ut i 2016. Filmen er regissert av Paul A. Kaufman, og er en julefilm frå Hallmark.

Grunnen til at valet falt på Christmas List som ein av årets julefilmar, var utelukkande at Alicia Witt spelar hovudrolla. I tre julefilmar hittil i år har ho strålt. Sjølv om forventningane til mesteparten av denne filmen var avgrensa, var forventningane til hennar innsats høy.

Filmen handlar om ei ung kvinne som har vakse opp med en kontrollerende mor som alltid har vore ute etter perfeksjon. Alt den unge kvinna sjølv har hatt lyst til som barn var en tradisjonell jul med heimelaga pepperkakehus, ekte juletre og meir. Men det har ho aldri fått opplevd. No i vaksen alder har ho ikkje tenkt denne tanken på ei stund, men kjem over en ønskeliste frå barndommen, og går inn for å oppfylle den.

Christmas List framstår som en lavbudsjettsfilm med mykje falsk snø, litt kunstig snø, få plasseringar og tonnevis med julepynt som skal sette oss i julestemning. Eg får ikkje all verdas tru på Hallmark når eg ser desse produksjonane, men lar det gå når eg heller tenker på at dette skal ha kostnadsnivået til en lang episode av ein serie. Tv er jo mediumet.

Paul A. Kafuman er en av få regissører blant Hallmarks julefilmar som eg har sett noko av før. Om enn berre ein Lifetime-film som heter Magic Beyond Words: The J.K. Rowling Story. Den filmen hadde meir for seg. Christmas List er stort sett preglaus.

Det som hever denne filmen er ikkje overraskande Alicia Witt. Sjølv i en passe kjedeleg rolle spelar ho med stil. Ho virker noe sliten, men leverer likevel godt nok til at dette blir en liten glede å følge med på. Motspelaren hennes er Gabriel Hogan. Desse to spelte også i lag i Christmas at Cartwright's, og spelar like godt i lag her som der.

Da det stort sett er Witt som lyser opp denne middelmådige filmen, kan eg ikkje med handa på hjarte anbefale denne på noko anna vis. Dette er akkurat like enkelt og overflatisk eller intetsigende som mangelen på oppfinnsomhet i å velja tittel på filmen.

Christmas List 2016 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Hallmark, Julefilmar

Regi

Paul A. Kaufman

Manus

Ella Fairlie, Duane Poole

Skodespelarar

Alicia Witt, Gabriel Hogan, Peter Benson (V), Wanda Cannon, Christine Chatelain, Chance Hurstfield, Susan Hogan, Doug Abrahams, Kathryn Kirkpatrick, Lina Renna

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Christmas List

Forfattar