Christmas Lodge

Christmas Lodge er ei unnskyldning for å snakke religion, og det set eg ikkje stort pris på. At filmen elles er tam, har lite sjarm og ikkje heng saman på godt nok vis hjelp heller ikkje på.

Ikkje overraskande har også denne filmen ei kvinneleg hovudrolle. Då i form av Erin Karpluk. Mi erfaring er at dei tilfeldige tv-filmane som har utgjort julefilmane i år hittil har hatt nettopp kvinnelege hovudroller. Ein observasjon til ettertanke.

Erin Karpluk framstår dessverre ikkje som lett nok å like. Og utan ei truverdig eller ei hovudrolle som er lett å like, så fell jo gjerne ein elles tynn film i grus. Når filmen også har andre ting mot seg, så blir det direkte minus.

Grensene er hårfine mellom litt for dårleg og god nok blant julefilmar laga for tv. Det kan vere vektlegging av ulike sider ved kultur og haldning som avgjer. Prøver ein film å få gjennom eit synspunkt eg er i mot, så reagerer eg fort. Er det derimot søken etter lykke og velstand som står mest sentralt, så kan eg la små ting sleppe unna i vektlegginga av den totale filmopplevinga.

Christmas Lodge er ein film som er grei å styre unna.

Christmas Lodge 2011 plakat - Filmdagbok