Christmas Under Wraps

Christmas Under Wraps er ein julefilm frå Hallmark med Candace Cameron Bure og David O'Donnell. Ho spelar ein lege, og han ein alt mogleg-mann, og handlinga er lagt til ein småby i Alaska.

Utgangspunktet til denne filmen minnar meg sterkt om Northern Exposure, ein serie frå 1990-talet som blant anna gjekk sin gang på TV 2. Det handlar om ein lege som ikkje får jobben ho forventar, og endar opp med å måtte ta ei stilling på ein noko utilgjengeleg stad i Alaska.

Småbylivet, spesielt så langt nord, er sjølvsagt ikkje noko for henne. I byrjinga. Men staden og ikkje minst menneska har sin sjarm. Det skal lite til for å gjette kva vei dette går.

På sjekklista til Hallmark over kva julefilmar inneheld, kor nokon punkt alltid går igjen, mens andre er i berre utvalde filmar, kan me for Christmas Under Wraps krysse av for magi og julenissen. Det vil si, her har me ein mann som liknar på julenissen, og det blir hinta til at denne småbyen er staden kor julenissen har verkstaden sin. Ofte blir magien i desse julefilmane kjenneteikna med ein lys lyd av klokkespel.

På grunn av likskapen til Northern Exposure får eg ei umiddelbar interesse for dette. Sjølv om filmen ikkje inneheld dei største hendingane, lev han på det gode inntrykket og endar totalt sett opp med å bli ei heilt grei oppleving.

Christmas Under Wraps 2014 plakat - Filmdagbok