Christmas Wedding Planner

2017 / Film
25. november 2018
2/5

Ei ung kvinne planlegg kusina sitt bryllaup, og alt går sånn nokonlunde bra inntil kusina sin ekskjæraste dukkar opp. Han påstår til bryllaupsplanleggaren at han skal øydelegge bryllaupet først, men avslører fort at han eigentleg er ein privatetterforskar som ein hemmeleg part har hyra inn til å etterforske brudgommen.

Det oppstår ei viss spenning mellom bryllaupsplanleggaren og etterforskaren, slik det ofte gjer i romantiske komediar. Og vegen vidare er brulagt med føreseielege episodar og forventa utfall.

Christmas Wedding Planner er etter historien å dømme ein heilt grei romantisk komedie. Det som ikkje fungerer så godt med filmen er i møte mellom skodespelarane og oss som ser på. For i skodespelet manglar både god samhanling og formidling av kjensler, reaksjoner og personlegheit for publikum å fange opp. Filmen blir ei overfladisk på grunn av dette, med pene og pyntlege folk som det ikkje er lett å få tak på.

Totalopplevinga blir difor ei forgløymeleg ei. Grei og ikkje kjedeleg undervegs, men filmen byr ikkje på noko djupare involvering undervegs eller til ettertanke.

Christmas Wedding Planner 2017 plakat - Filmdagbok

Annonse

Relaterte innlegg