Christmas With a View

Film 2018

Christmas With a View handlar om ein kjendiskokk som kjem til eit skihotell, der han møter ei ung lokal kvinne. Det tek kort tid før kjemien oppstår mellom dei to.

Han har fortid som deltakar og vinnar av eit reality-show. Ho jobbar som dagleg leiar på restauranten til skihotellet, og har tidlegare forsøkt å drive ein eigen restaurant i Chicago.

Når eg skal oppsummere kva filmen handlar om, som er dei viktigaste delene av han, sett i frå filmskaparane sin ståstad, så er det: Kjærleikshistoria mellom han og ho. Og eit byggeprosjekt som hennar sjef igjen vil ha ho med på, men ikkje fortel heile sanninga om.

Sett frå min ståstad handlar ikkje filmen om stort. Iallfall handlar ikkje store deler av filmen om stort. Med unntak frå få sekvensar, får eg inntrykk av at dette er mest ein film med julepynt og folk som smiler til kvarandre. Innimellom sekvensane med smiling byr filmen på lange overgangar med overblikk frå natur, bilkøyring, bygningar og opning av dører. På det verste merka eg at overgongen frå ein sekvens til ein ny tok eit heilt minutt. Slike lange overgangar drep flyten i denne filmen.

Filmen har det også med å gjenbruke materiell som tydeleg er meint å bli brukt andre stader i filmen. Dette og andre grep gir filmen inntrykk av å vere skikkeleg lågbudsjett. Men snøen i filmen ser ut til å vere ekte i det minste.

Filmen kan ikkje seiast å vere noko meisterverk. Eg kan like dei enkle, romantiske julefilmane som denne filmen føyer seg inn blant. Men eg vil då at filmen skal ha ein god flyt, og ha interessante nok karakterar eller dynamikk mellom desse. Samt ein tydeleg raud tråd. Då er det ikkje nøye at det filmtekniske ikkje er påkosta nok.

Rangert som 3 av 53/5

Christmas With a View 2018 plakat

Publisert 3. november 2018 av Bear Ness