Chuck

Serie
2007–2012
4/5

Chuck levde lenge på overtid. Fem sesongar for ein serie som nesten blei lagt ned etter første er imponerande. Men etter 91 episodar blei det altså slutt.

Serien handlar om tidlegare Stanford-student Chuck Bartowski (Zachary Levi). Dagane hans på elektronikkbutikken Buy More er trasige, fram til han ein dag får ei superdatamaskin inn i hovudet. Ein snarveg forbi detaljane og me er hamna i ein kvardag der Chuck må vernast av både CIA og NSA. Med superdatamaskina blir Chuck ein ressurs i tillegg til eit attraktivt mål for kjeltringar.

Serien er ein action-komedie med episodiske handlingar. Sesongane er bygd opp av ei større og fleire små handlingar som kryssar episodane. Sentralt i serien er Chuck sin elsk for agenten Sarah (Yvonne Strahovski).

Tonen er lett, men alvoret er ikkje fråverande. Serien er humoristisk, i blant komisk, men er utført med stødig hand og blir sjeldan banal. Miljøet rundt Chuck, agentverda på eine sida og butikken på den andre, gir serien arenaer for alvoret og humoren. Men desse er berre utgangspunkt. Arenaene deler ikkje opp serien, men er kontrastar som spelar opp mot kvarandre. Nerden Chuck sitt møte med agentar og kjeltringar er både premissen til serien og et eksempel på dette.

Hovudgrunnen til at eg følgde Chuck til vegs ende var karakterane. Bestevennen, familien, Buy More-kollegaer og agentane, dei har alle noko ved seg. Spesielt Buy More-miljøet scora høgt hjå meg. Men òg den superseriøse agenten John Casey (Adam Baldwin) utmerker seg. At Adam Baldwin spela omtrent same rollen i Firefly er nok grunnen.

Fem sesongar tærte på Chuck. Dei første sesongane hadde framdrift. At serien allereie frå tidleg av levde på overtid hindra ikkje serien i å tenke langsiktig. Mot slutten tok handlingane på tvers av episodane eit steg i feil retning, og gjekk frå godt nok til smått kjedeleg. Når serien etter ein kortare femte sesong hadde si avslutting var det vemodig, men like mykje ein god ting.

Chuck 2007-2012 plakat - Filmdagbok

Publisert

16. februar 2012 av

Skaparar

Chris Fedak, Josh Schwartz

Skodespelarar

Zachary Levi, Yvonne Strahovski, Joshua Gomez, Vik Sahay, Scott Krinsky, Sarah Lancaster (I), Adam Baldwin (I), Ryan McPartlin, Mark Christopher Lawrence, Bonita FriedericyVis alle 659 skodespelarar

Sjangrar

Action, Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Chuck