Chuen jik sat sau (2001)

Film / 25. februar 2007
4/5

Hongkong-action i Fulltime Killer stod på programmet i dag, min andre Johnnie To film denne veka. Vi går tilbake til 2001 og får ein film med Andy Lau, Takashi Sorimachi og Simon Yam i dei største rollene.

O (Sorimachi) er leigemordar nummer 1 i og rundt Hongkong (den delen av Asia). Tok (Lau) er misunneleg på denne posisjonen, og meiner at han sjølv er en flinkare leigemordar. Ved å utføre drap på spektakulere vis, ofte som vist på film (her finner vi referanser til både Leon og Point Break), trekk han merksemd til seg og klarer å skape seg et namn. Oppi alt dette her foregår en politietterforsking på desse, på tvers av landegrensene. Detektiv Lee (Yam) prøver å jakte ned både Tok og O.

Fulltime Killer er litt rotete. Eg hadde problem med å henge med på alt til tider. Betre blir det ikkje når Chin (Kelly Lin) en plass seier namnet til Tok på voice-over, mens man ser på bilde at ho meiner O! Trass i forvirringa, actionbiten av filmen er ingenting å klage på. Heftige shootouts dukker regelmessig opp. Får en tak i historia der filmen ikkje rotar det til for seg sjølv, så blir det hele interessant oppi adrenalinrushet.

Oppsummert: God Hongkong-actionthriller med gode skodespelarar, stilige skytesekvensar, påtenkt eller uheldig forvirring, men solid underhaldning. Han når ikkje heilt opp til Johnnie Tos Exiled, men får likevel meir enn godkjent.

Chuen jik sat sau 2001 plakat - Filmdagbok

Regi

Johnnie To, Ka-Fai Wai

Manus

Ho-Cheung Pang, Ka-Fai Wai, Joey O'Bryan

Skodespelarar

Andy Lau, Takashi Sorimachi, Simon Yam, Kelly Lin, Cherrie Ying, Suet Lam, Teddy Lin, Adam Chung-Tai Chan, Rocky Lai, Roderick Lam

Sjangrar

Action, Thriller

Land

Hongkong

IMDb

IMDb-side om Chuen jik sat sau

Forfattar