Cidade de Deus (2002)

Film / 17. mars 2007
3/5

Cidade de Deus er en brasilsk film der handlinga er lagt til slummen i landet. Vi følger to brør over fleire år, mens liva deira utviklar seg i ulike retninger.

Det er ei verd full av kriminalitet, narkotika og desperasjon, men også ei verd med håp for en betre framtid. Vi lærer om deira involvering i gjengar, forhold til kvinner, og deira generelle hobbyar. En av dei største hobbyene til en av dei er fotografiering, og det kan vere med å forme framtiden.

Filmen varer i over to timer og blei regissert av Fernando Meirelles og Kátia Lund, og er nok blant Brasils mest kjente filmar gjennom tidene.

Eg ser ikkje det store med filmen som nok har bidratt til at mange i lag har stemt denne opp til å ligge i det øvre skiktet av IMDb Top 250 (IMDb). Men det er heller ingen dårleg film.

Det er nokon få verkeleg gode stunder, mens resten er gode. I blant drar det litt ut og er kjedeleg. En punkt eg sjeldan er nådig på. Så en litt kortere film hadde gjort seg.

Som en heilskapleg sak er nok denne en grei sak å sjå. Stort sett ein god film er det.

Filmen er òg kjent som City of God.

Cidade de Deus 2002 plakat - Filmdagbok

Regi

Fernando Meirelles, Kátia Lund

Manus

Paulo Lins, Bráulio Mantovani

Skodespelarar

Alexandre Rodrigues, Leandro Firmino, Phellipe Haagensen, Douglas Silva, Jonathan Haagensen, Matheus Nachtergaele, Seu Jorge, Jefechander Suplino, Alice Braga, Emerson Gomes

Sjangrar

Drama, Krim

Land

Brasil, Frankrike

IMDb

IMDb-side om Cidade de Deus

Forfattar