Cinderella

Film · 1950 · · 10. januar 2021
3/5

Cinderella føyer seg inn i rekka av Disney-klassikarar eg ikkje har sett tidlegare, men har hatt gleda av no i årsskiftet mellom 2020 og 2021. Fire andre filmar har eg sett som byggjer på historia om Askepott, så eg tykte sjølv at det var på tide at eg endeleg fekk sett Disney-versjonen.

Historia om Askepott i Cinderella er ein ganske vanleg versjon som blir fortalt. Medan nokre Disney-klassikarar tek store fridomar, så er det ikkje nokon overraskingar her for meg som har sett historia fortalt i andre filmar og former før. Historier om Askepott har blitt spora tilbake til Kina på 860-talet, så det er verdt å merke seg at det ikkje er ein fasit her.

Det handlar om ei ung kvinne som nedlatande blir kalla Askepott, viss far har døydd. Stemora har teke over drifta av godset som eigentleg den unge kvinna har krav på. Eit kongeleg ball kjem opp for dagen, og ein magisk fe hjelp Askepott med å kunne delta. Prinsen blir merksam på ho. Men ho må dra frå ballet fordi magien til feen går over ved midnatt. Ho mistar ein sko på vegen, og prinsen set i gong eit søk etter foten som skoen passar til. For ho som eig skoen, ho skal han gifte seg med.

Disney sin versjon har nokre fine songnummer. Animasjonen er ganske så fin, reint lekker å sjå på. Lengda til filmen er på knappe ein time og 14 minuttar, og det passar godt sidan dette er ei historie eg har sett mange gonger før. Men det er og ei historie som gjer seg godt viss filmen er god. Så eg er rett glad for å endeleg å ha sett denne filmen.

Les ei anna melding på cinerama.no.
Cinderella 1950 plakat - Filmdagbok