Cinderella

Film · 2015 · · 21. januar 2021
3/5

Mitt møte med Disney-filmen Cinderella frå 2015 var det tredje møte med Askepott på ein månad. Og sjølv om det held for ei stund, så var dette ein god film som utmerka seg på sin måte.

Historia om Askepott har mange variantar undervegs, og her er det valt andre vendingar og uttak frå historia enn det blant anna er gjort i 1950-versjonen av Cinderella. Det byrjar med ei lengre bakomhistorie, før me etter kvart går vidare med den delen av historia som oftast har blitt skildra. Men også her har det blitt gjort ein del andre val i kva personar gjer, kven dei er og kva dei seier enn iallfall eg har sett før.

I grove trekk er dette den kjente historia om jenta som blir rakka ned på av ei stemor og stesøstra. Ho kjem seg på eit kongeleg ball, møter prinsen og mistar skoen sin. I denne versjonen er søkelyset meir retta på karakterane og deira motivasjon. Med unntak av kanskje ei scene med Cate Blanchett, så blir heldigvis ikkje motivasjonen bretta ut som monologar.

Det er tilpassinga til dette som ein live action-film, ein film med folk og ikkje animasjon, som gjer at han kan ta sin plass blant Disney-filmar. For meg som har sett både denne og 1950-versjonen av Cinderella nyleg, så blir det ikkje to filmar som konkurrerer. Men som er forskjellige nok til at dei begge har sine styrkar og eventuelle svakheiter.

Om eg har noko kritikk så går det mest på at filmen var ein smule for lang.

IMDb-logo
Cinderella 2015 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Cate BlanchettLily James (I)Richard Madden (I)Vis alle

Sjangrar