Citizen Kane (1941)

Film / 8. mai 2005
4/5

Det finst meir enn ein grunn til å sjå denne klassikaren. Gode poengsummar på filmsider, gode plasseringar i filmkanoner og gode anbefalingar av venner.

Eg har prøvd før å sjå filmen. Sist gong var vel for to år sidan, men eg gav opp veldig tidleg. Den gongen hadde eg ikkje underteksting, og det meste gjekk meg hus forbi. No hadde eg sjansen til å sjå filmen med teksting, så eg fekk faktisk med med ting, og det var ikkje verst. Kulissene har sin sjarm, historia er veldig god, to timar var akkurat passe lengde. Alt fall på plass.

Svart-kvitfilmar kan skremme mange, meg og innimellom. Av dei svart-kvitfilmane eg faktisk har sett, så må dette vere ein av dei betre. Saman med filmar som Casablanca og The Man Who Wasn't There. Du kan skjønne at eg ikkje har sett så mange.

Eg er litt usikker på om eg fekk med meg heilskapen i filmen korrekt. Han handlar om ei slags uskuldig griskheit, og ein søken mot noko du aldri kan få? Rosebud er det her, og sidan Rosebud blei teken frå han i ung alder har han alltid jobba hardt for å få mest mogleg, som skal vege opp for tapet?

Citizen Kane 1941 plakat - Filmdagbok

Regi

Orson Welles

Manus

Herman J. Mankiewicz, Orson Welles, John Houseman, Roger Q. Denny, Mollie Kent

Skodespelarar

Joseph Cotten, Dorothy Comingore, Agnes Moorehead, Ruth Warrick, Ray Collins, Erskine Sanford, Everett Sloane, William Alland, Paul Stewart, George Coulouris

Sjangrar

Drama, Mysterium

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Citizen Kane

Forfattar