Citizen Ruth (1996)

Film / 4. november 2008
4/5

Også Alexander Payne har utvikla seg til å bli en høgt ansett regissør i min lille filmverd. Citizen Ruth lev opp til forventningane av en Payne-film og Laura Dern er ikkje mindre enn fantastisk i rolla som Ruth, en narkoman gjengangar i det lokale fengselet som blir gravid og hamnar midt oppi kampen for og mot abort. At ho ikkje gir mindre enn faen i det som skjer rundt ho så lenge ho får ha det gøy, kan få penger i hendene og en god rus er det som passar så vanvittig godt oppi debatt av denne skalaen.

Filmen er god på å ikkje dømme for eller mot og innfridde stort sett heile vegen, det blir litt i lengste laget, men er elles bra.

Citizen Ruth 1996 plakat - Filmdagbok

Regi

Alexander Payne

Manus

Alexander Payne, Jim Taylor

Skodespelarar

Laura Dern, Swoosie Kurtz, Kurtwood Smith, Mary Kay Place, Kelly Preston, M.C. Gainey, Kenneth Mars, David Graf, Kathleen Noone, Tippi Hedren

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Citizen Ruth

Forfattar