Civic Duty

Redselen for terroristar var nok størst i USA like etter 11. september 2001. Civic Duty hadde nok vore mest aktuell i den perioden. Like fullt handlar det altså om terrorisme på sett og vis, om Terry Allen (Peter Krause) og hans paranoia for slikt

I ein slags moderne versjon av Rear Window er det media overalt som gjer Allen svært oppmerksam på naboen Gabe Hassan (Khaled Abol Naga) sine aktivitetar i leilegheita ved siden av.

Til denne reindyrka thrilleren, som heller ikkje gjer noko stort ut av seg, var det ikkje opplagt for meg å ha forventningar. Med skodespelarar frå tv var eigentleg grunnlaget lagt. Peter Krause er kul, men har mangel på ansiktsuttrykk og karisma. Det skal likevel nemnast at det var på grunn av Peter Krause at eg la merke til filmen.

Dette er ikkje ein dårleg film, men mangelen på originalitet har sete spor i produksjonen. Som ikkje ser ut til å vere spesielt påkosta. Regissøren har hatt sans for detaljar utan å røpe seg. Filmen er ikkje direkte føreseieleg. Nokon rare vendingar øydelegg litt av gleda mot slutten. Før den tid har filmen sine spennande stunder. Likevel forsvinn dei i ein laber heilskap. Han er rik på inntrykk og ikkje minst tankevekkande. Kanskje litt over kanten i enkelte situasjonar, men slik er jo ofte film.

Eg sit igjen med inntrykk av å ha sett noko heilt ok, verken spesielt bra eller dårleg.

Civic Duty 2006 plakat - Filmdagbok