Clash of the Titans

Harry Hamlin er Perseus, den første helten i gresk mytologi. Ray Harryhausen har laga spesialeffektane. Filmen er litt røff i kantane, men har sin definitive sjarm på grunn av dette. Musikken bidrar til å gi dette meir preg av ein storfilm enn ein B-film, men eg er usikker.

Ser du under overflata har altså denne mykje å spele på, det er litt som i Odysseen, mange monster og mykje motstand undervegs. Filmen er spennande her og der, men det når likevel aldri heilt opp når det blir for enkelt andre stader. Men fans av Ray Harryhausen har mykje å hente.

Clash of the Titans 1981 plakat - Filmdagbok