Class of 1984

Eg sat med kjensla av å ha sett dette før, men om det skulle stemme eller ikkje, så hadde eg ingen problem med å sjå han igjen no.

Andy er ny lærar ved ein problemfylt high school, der ein bøllete gjeng terroriserer både elevar og lærarar. Dette omfattar alt frå mobbing, pengeutkreving, narkotikasal, valdtekt og i verste fall drap. Andy føler det er hans jobb å ordne opp og rotar seg bort i ein håplaus situasjon der alle er i mot han, politiet og skulen for mangel på bevis mot gjengen, og gjengen for alt trøbbelet han skapar for dei.

Trass i å vere high school, dette her er svært grove saker, og ein slik gjeng hadde gjort inntrykk i nesten kva slags film og med fleire år på nakken. Men det blir ekstra sterkt når det er snakk om 14–16 åringar. Her er det snakk om skikkelege sinnsforstyrringar.

Ei lita stund sat eg med tanken om at det heile var ganske håplaust, altså situasjonen til Andy i filmen, han klarte å engasjere og provosere nok til at dette blei bra som film. Den grafiske valden er særleg grov, skodespelarane ikkje noko å skryte over, heller ikkje trekke ned på.

Men no var eg aldri ute etter å vurdere filmen spesielt når eg skulle sjå han, det var meir til tidsfordriv og underhaldning denne gongen. Som det ofte er, men for ein gongs skyld tenkte eg ikkje over på kva eg skulle skrive om filmen etterpå.

Class of 1984 1982 plakat - Filmdagbok