Class

Jonathan (Andrew McCarthy) byrjar på prep school og blir romkamerat med Skip (Rob Lowe). På ein einsam tur på byen møter Johnny Ellen, som viser seg å vere Skips mor (Jacqueline Bisset).

Class handlar litt om livet på skulen, og meir om eit The Graduate-inspirert forhold mellom Jonathan og Ellen.

Filmen har ein liten dose humor, men er mest eit drama om vennskapen mellom Jonathan og Skip. Og eit godt drama sånn sett.

Filmen er ingen klassikar, men grei for dei som er interessert i tenåringsfilm frå 1980-talet. Verdt å nemna er også John Cusack og Alan Ruck i tidlege roller.

Class 1983 plakat - Filmdagbok