Clear History (2013)

Film / 1. juli 2015
3/5

Larry David har skrive manus og er stjerne i den HBO-produserte filmen Clear History. Filmen omhandlar ein mann som har endra namn og flytta til ein liten stad, ettersom heile nasjonen gjer narr av han for å ha selt seg ut av det mest suksessfylte selskap dette tiåret like før selskapet blei ein suksess.

Det går som det nesten må i ein film, han blir oppsøkt av fortida og gjer litt av kvart som følger av det.

Heile greia er bygd opp rundt ein typisk Larry David-karakter, med likskapar til hans framstilling av seg sjølv i Curb Your Enthusiasm. Mens det her ikkje er sett grenser for å holde det realistisk, så handlinga blir enda drygare.

Filmen er full av kjente og kjære skodespelarar, og kunne like gjerne ha vore ein kinofilm som den rett på tv-filmen han er. Men så betyr ikkje kanalen så mykje som han gjorde tidlegare heller, og film med god historie har ein tendens til å trekke mot andre kanalar enn kino.

Det tar likevel aldri helt av, sjølv om Clear History stort sett er fornøyeleg, så tar han ein del enkle og banale val i historie og struktur som gjer at filmen blir ein gjennomsnittsfilm.

Clear History 2013 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Regi

Greg Mottola

Manus

Larry David (I), Alec Berg, David Mandel, Jeff Schaffer

Skodespelarar

Larry David (I), Bill Hader, Philip Baker Hall, Jon Hamm, Kate Hudson (I), Michael Keaton, Danny McBride (IV), Eva Mendes, Amy Ryan, J.B. Smoove

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Clear History

Forfattar