Clerks II

Det har gått ti år eller meir siden første møtet med gjengen i Clerks, og våre fire venner Dante, Randal, Jay og Silent Bob har ikkje komme seg lengre i livet enn til fast food -restauranten Mooby's, framleis i New Jersey.

Forventingane mine til oppfølgjaren av ein av dei betre tullesnakkfilmane var høge, og klarte ikkje umiddelbart å leve opp til dei. Men utover i filmen klarte filmen å gjere meir enn berre å skrape i overflata på ei historie over tidlegare ungdommar. Filosoferinga over kva du vil ha ut av livet er ein av dei mest ærlege eg har sett på film på lenge, og gjer at eg kjøper den svært så positive vrien filmen tek.

På eigne bein kan eg ikkje sei filmen gir så mykje, du bør ha sett Clerks for å få maksimalt ut av det at desse folka jobba der dei jobba. Karakterane i filmen har blitt eldre og klokare, faktisk Jay og Silent Bob også. Likevel om dei prøver å vere spontane som før skin det gjennom at dei ser for seg meir enn å tulle rundt. Heilt seriøs er filmen langt i frå å vere.

Pålegginga av fargar bryr meg ikkje så mykje. Men kleda og miljøet er typisk pastellfarga som på ei restaurantkjede for hurtigmat, og det blir litt i overkant, litt for likt den typiske lyse Hollywood-komedien. Men det er helst i fargebruken altså.

Litt mykje kritikk hittil, men filmen er verkeleg god. Her er nerdesnakk for dei fleste, og elles mykje fin humor og romantikk å gripe tak i.

Clerks II 2006 plakat - Filmdagbok