Close Encounters of the Third Kind

Eg kunne ha slakta denne filmen, berre for moro, men det ville ikkje ha vore rettferdig ovanfor dei som vurderer å sjå han eller meg sjølv, dersom eg skulle finne på å lese dette om nokon år.

For det er sånn at Close Encounters of the Third Kind er ein presis midt på treet film. Han har sine plussider, men dessverre også nokon minussider. Tåpeleg lydkommunikasjon med romvesen. Flotte spesialeffektar. Mangel på spenning eller dramatikk når det gjelder. Elles ei fin oppbygging, om enn altfor lang.

Eg vil ikkje påstå eg hatar filmen, men greia var at eg brydde meg lite om kva som skjedde her.

Close Encounters of the Third Kind 1977 plakat - Filmdagbok