Cloverfield (2008)

Film / 8. oktober 2016
3/5

Omsider mange år etter utgivelse gjekk eg inn for å sjå Cloverfield, som eg best hugsar frå 2008 med sin utpregede markedsføring og beryktede ristete kameraføring.

Det er en passe god film. En ganske rett fram monster- og katastrofefilm, som lenge spelar på det ukjente. For min del kunne den latt vere å vise så mykje av monsteret som den gjorde, og oppnådd endå meir å spele på frykt og kaos. Men det er likevel innanfor.

Eg likar kor enkel og avgrensa handlinga er. Det er lite behov for å trekke inn kva som skjer andre stader enn filmens handling. Nokon tilbakeblikk og litt kreativitet for å skape et personleg drama er velkomment, men det blir aldri større enn det.

Filmens negative sider er den irriterande kameraføringen, og heile greia med funnet videomateriale. Allereie i 2008 var dette en utdatert vinkling. Men ettersom resten av filmen stort sett var fornøyeleg, så kan eg til en viss grad oversjå det her.

Cloverfield 2008 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Cloverfield

Regi

Matt Reeves (I)

Manus

Drew Goddard

Skodespelarar

Lizzy Caplan, Jessica Lucas (II), T.J. Miller, Michael Stahl-David, Mike Vogel, Odette Annable, Anjul Nigam, Margot Farley, Theo Rossi, Brian Klugman

Sjangrar

Action, Grøssar, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Cloverfield

Forfattar